STEGA I REKNESKAPANALYSE

Metoden representerer 10 steg som det er hensiktsmessig å gjennomføre i ei rekneskapsanalyse. Stega er ei hjelp til å systematisere valt analyse. Steginndelinga gjer det enklare å planleggje og å gjennomføre analyse. Den systematiske steginndelinga gir også eit godt utgangspunkt for presentasjon av analyse, slik at det blir enkelt for beslutningstakarar og andre som skal lese analyse å forstå korleis den har blitt gjennomført. Det er derfor viktig å dokumentere kvart enkelt steg i analysen.

 

Dei 10 stega gir ei stilisert og rettlinja framstilling av analyseprosessen. I praksis vil gjennomføring av analyse ofte vere ein iterativ prosess, der det er nødvendig å gå fram og tilbake mellom dei ulike stega framfor å følgje eit lineært løp.

 

Steg 1 er ei konkret skildring av formålet med analysen. Steg 2 er ei kartlegging og risikovurdering. Stega frå 3 til 7 er val av metode, innhenting og bearbeiding av formålstenleg datamateriale samt sjølve utføring av analyse. Stega 8 til 10 er kvalitetssikring av analyse, oppsummering av resultat og presentasjon.

 

Vårt formål med rekneskapsanalyse byggjer på bestilling/ad-hoc, eller som eit analyseverktøy til bruk ved internkontroll, for å kunne seia noko om risikoar på økonomiområdet og kvaliteten på rekneskapen i NAV. Desse to tilnærmingane har ulike steg i analyseprosessen.

 

Bestilling/ad-hoc har eit klart definert formål der datamateriale blir brote ned i mindre delar for å kunne gi svar på ei problemstilling. Framgangsmåten ved bestilling er ulik i forhold til bruk ved internkontroll. Vanlegvis byggjer internkontroll på ei risikovurdering som seier noko om kva risikoar ein har, om dei rette tiltaka er sett i verk for å forhindra/unngå avvik, og kva resultateffekt tiltaka gir.  Framgangsmåten for internkontroll har/inneheld difor eit steg 2, kartlegging og risikovurdering, som skal nyttast ved denne type analyse.

 

Til gjennomføringa av kvart enkelt steg vil det normalt vere knytt ein del føresetnader. For at analyse skal kunne bli etterprøvd er det viktig å gjere greie for kva datakjelder, føresetnader og metode som er nytta.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Stega i rekneskapsanalyse. Vi har to tilnærmingar, bestilling/ad hoc og internkontroll.

Tekstboks: Bestilling/Ad- hoc
Tekstboks: 1. Definere formålet
Tekstboks: Intern kontroll

 

 

 


 

 

 

 


 

Tekstboks: 2. Kartlegge og risikovurdere
 
                                        

 

Bildeforklaring formet som Pil ned: 3. Finne foreløpig metode

 

 

 


 

Bildeforklaring formet som Pil ned: 4. Samle inn relevante data for eksakt analyse
                     

 

 

Bildeforklaring formet som Pil ned: 5. Bearbeide data
Prosess: 6. Velje metode:
Ø Analytisk tilnærming 
Ø Statistikk
Ø Nøkkeltalsanalyse
Ø  Kontantstraumsanalyse
 

 

 

 

 

 

 

 


 

                                                                                         

                                                                                                                  

Bildeforklaring formet som Pil ned: 7. Utføre analyse

 

 

 

 


 

Bildeforklaring formet som Pil ned: 8. Kvalitetssikring
 

 

 

Avrundet rektangel: 10. Presentere resultatet.
Kontrollhandlingar og tiltak
 
Bildeforklaring formet som Pil ned: 9. Oppsummere funn og resultat med forklaring