Steg 5: Bearbeide data

Innsamla datamateriale blir i kvart tilfelle vurdert om det har tilstrekkeleg kvalitet for bruk i analysen. Datamateriale for analysebruk må ein ofte bearbeide for at ein skal få eit analysevennleg datamateriale som ein kan jobbe vidare med. Bearbeiding av data er særs nødvendig ved statistikkanalyse, men også ved andre analysemetodar. Å produsere korrekt datamateriale for analysebruk er arbeidskrevjande og ein må ha god kunnskap om kva datamateriale som er aktuelt for konkret formål. Med korrekt datamateriale for analysebruk meiner ein bearbeida datamateriale som beheld sitt opphavlege innhald sjølv om det er bearbeidt for analyseformål. I den samanheng er det svært viktig at den som tek ut datamateriale og utfører bearbeidingsprosessen veit eksakt kva datamateriale som trengst for analysen, og at sjølve bearbeidinga blir korrekt utført.

 

Dersom ein undervegs ser at datamaterialet ikkje dekkjer behovet for å gi svar på eksakt analyse, må ein gå tilbake til steg 1 og revurdere for så justere ev. spisse formålet. Ein må då utføre analyseprosessen frå steg 1 ein gong til, med nytt formål som grunnlag.