Steg 3: Finne foreløpig metode

Når formålet med analysen er klart definert har ein truleg gjort seg opp ei meining om kva som er den mest formålstenlege metoden for å kunne gi svar på eksakt bestilling eller internkontroll. Val av metode kan til tider vera vanskeleg. Innhenting av datamateriale kan vera komplekst, samt at oppbygginga av økonomirapportane ikkje alltid er brukarvenlege for import til tenkt analyseverktøy. Det kan difor vera nødvendig å nytte andre metodar enn ein hadde tenkt i utgangspunktet. Det er først når innhenta datamateriale er bearbeida ein ser om tenkt metode kan nyttast.