Steg 1: Definere formålet, (bestilling/ad-hoc eller internkontroll).

Første steg i analyse er å definere formål. Ut frå eit klart og tydeleg skriftleg formulert formål kan ei rekneskapsanalyse gjennomførast effektivt og målretta. Rekneskapsanalyse kan nyttast internt ved utføring av internkontroll, eller som ei bestilling frå ei eining, leiing eller andre. Ved bruk av rekneskapsanalyse ved økonomieiningane sine faste interne kontrollar, kan analyse vera eit effektivt og målretta hjelpemiddel for å kunne uttale seg om rekneskapskvaliteten i NAV og iverksetjing av eventuelle tiltak.

 

Rekneskapsanalyse kan også bestillast frå einingar, leiing eller andre som ynskjer å få ei nærare utgreiing av eit aktuelt problem/interesseområde som analyse av økonomidata kan gje nærare informasjon om. Bestillinga treng ikkje komme på bakgrunn av tidlegare avdekka feil og manglar gjennom internkontroll, men heller som ei forklaring/utgreiing til eit spesifikt område eller problemstilling.