Kort Om REKNESKAPSANALYSE

Rekneskapsanalyse er ei systematisk bearbeiding av rekneskapsdata som viser bakanforliggande økonomiske forhold. Analyse er ein prosess der ei heilheit blir brote ned til mindre delar. Dette blir gjort for å finne ut kva forbindelse delane har med kvarandre, kva dette tyder, eller korleis delane kan påverke andre faktorar. Val av metode for rekneskapsanalyse er formålsavhengig, og analyse kan utførast på ulike måtar, alt etter formål, kva datamateriale som er tilgjengeleg, kva avvik som blir funne, og ei vidare analyse av avvik for å få fram årsak til avvik.

 

Ved bruk av rekneskapsanalyse skaffar NAV Økonomi seg god innsikt i organisasjonen, noko som kan vera eit risikoreduserande verktøy. Rekneskapsanalyse gir NAV Økonomi eit grunnlag for å kunne seie noko om t.d. moglege feil, trendar og mønster. Rekneskapsanalyse er også eit godt verktøy ved samanlikning på tvers av fylke, einingar osv.