Forutsetninger

Metoden er eit felles rammeverk for analyse av økonomidata:

 

·         Metoden omfattar ikkje framgangsmåte for analyse av vedtakskvalitet.

 

Ein føresetnad for at rekneskapsanalyse kan bli eit påliteleg styringsverktøy med lik kvalitet i heile økonomilinja, er likearta behandling av datamateriale samt lik oppbygging av analysen for heile organisasjonen. Dei som skal jobbe med analyse, må ha ei felles forståing av korleis ein utarbeider datamateriale for analysebruk og sjølve prosessen i analysen. Det må stillast krav til forståing av områda rekneskap, kvantitativ metode og analytisk tilnærming. Samhandling mellom ulike einingar i NAV Økonomi er nødvendig for at rekneskapsanalyse skal bli eit godt bruksverktøy for interessentar, og eit verktøy i utvikling for bruk i NAV Økonomi.

 

Rekneskapsanalyse blir løpande utvikla og forbetra etter høyring/tilbakemelding frå einingane/brukarane. Data frå ulike fagsystem skal/kan nyttast som underlagsdata for analyse.